Kvifor Kvinnherad mister ungdomen

Kvinnherad kommune dreg kvart år opp temaet ungdom og befolkning. Kvart år klør båe ordførar, formannskap og kommunalsjefar seg i hovudet og undrar på kvifor ungdomen ikkje flyttar attende til heimplassen sin. Det er kanskje ikkje så lett å forstå, dette, for ein gjeng «forgubba» politikarar og byråkratar, men for meg er sanninga klar.

Velkommen til KVV

Ein kvar bonde veit at ein kan ikkje forventa at avlingane gror dersom det ikkje er tilrettelagd for det. Jorda må pløyast, frøa må såast og så må ein sjølvsagt ha vêret på si sida. Denne oppskrifta er universal. Uansett kva ein ønskjer å gjennomføra må det ligge ein infrastruktur i botn, som eit fundament for vidare utvikling. Det er nok eit ukjend omgrep for mang ein politikar i kommunen vår.
Det fyrste eg vil peika på er barnehagar. I vår langstrakte kommune bor det folk i kvar krik og krok, og det må difor leggast til rette deretter. Viss me ønskjer tilflytting må me syta for at det er barnehagar med ledig plass (pløya jorda) og at dei har tilsette med tilstrekkeleg kompetanse (så korna). Det er alt ein kan gjera, for resten av vår vetle ferd mot befolkningsvekst er avhengig av kor mange tilflyttarar kommunen får (vêret).
Gratulerer, Synnøve, du har fått deg nokre nye barnefamiliar. No er spørjemålet; korleis kan me behalda desse familiane? Jo, no skal du høyre. Du gjentar berre den same oppskrifta.
Fyrst må de ha den rette infrastrukturen. Barnefamiliane treng skular i nærleiken av heimen sin og barnehagen sin. Omvikdalen er eit flott eksempel, der ein har båe barnehage og barneskule rett ved sida av kvarandre. Gratulerer, då har du både pløgd og sådd jorda, i tillegg til at skuleavlingane har eit relativt godt grunnlag for det kommande vêret (barnehagen).
Men så skjer det som øydelegg heile grunnlaget for skuleavlingane – kommunen vel å flytte avlingane. Dei let den gamle skulen stå til forfall og flytter den nye skulen vekk frå barnehagen. Kva skjer så? Jo, avlingane frå barnehagen må verte sendt med buss til den nye skulen, vekk frå heimlege omgivnadar, og avlingane vert sure og lei av ein time med buss kvar dag, når dei berre er 6-7 år gamle. Allereie her feilar kommunen, og du, Synnøve, har mista familiane dine. Dei flyttar til andre kommunar, der dei faktisk vert sett på som velkomne, og ikkje kasteballar i eit system diktert av ei «forgubba» forsamling (jfr. skulestrukturendringane).

Kan du melke meg, Synnøve?

Til tross for at me mista ein god del av familiane våre er det framleis nokre igjen, og dei ønskjer å sende sine skuleavlingar på vidaregåande skular. Då må du, Synnøve, syta for at dei har eit tilstrekkeleg busstilbod til skulane sine, og at skulane har det tilbodet som er nødvendig.
Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) står i ein hard kamp mot fylkesmaktene for tida, som trugar med at poteta ikkje kan verte kva som helst, for det er dyrt. Heldigvis har KVV klart seg gjennom desse kampane, men det er ikkje takka vere kommunen og Synnøve – nei, det er det avlingane som skal ha takka for. Dei stod opp for seg sjølve, då ingen i rådhuset torde gjere noko, drog til Odda for å møte fylkespolitikarane, og skreik for full hals at poteter kan verte kva som helst.
Éin ting er kva dette seier om kampvilja til desse avlingane, som ønskjer eit godt tilbod på den vidaregåande skulen, men enda viktigare; kva seier dette om kampviljen til kommunen? Den kommunen som berre såg på kva som var i ferd med å skje, utan å løfte ein finger. Er det ein slik kommune avlingane (ungdomen) ønskjer å flytte tilbake til, etter at dei har blitt både potetstappe og potetchips?

Vidare vil eg peike på dei ungdomane som ikkje finn eit tilbod for sitt yrke på KVV, og som må til Odda eller Stord, men som må flytte ut av kommunen for å bu på hybel, fordi det ikkje går buss om morgonen. Kva tykkjer Synnøve om detta? Er du fortsatt i tvil om kvifor ungdomen ikkje flyttar tilbake til Kvinnherad?
Dei elevane som må flytte på hybel, og som reiser heim i helgane for å treffe familien sin igjen, må reise opp til 5-6 timar, på ei strekning på ordinært 1-2 timar, på søndagane for å komme seg heim, grunna manglande buss- og/eller båtsamband. Er du fortsatt i tvil, Synnøve?

Demonstrasjon i Odda, i regi av KVV

Sist, men ikkje minst, vil eg løfte ei sak som på mange måtar kan vere ei ultimat løysing, slik at ting kan verte betre, sjølv om dei «forgubba» rådhusbuarane ikkje ønskjer å endre eit einaste aspekt ved det eg har nemnt ovanfor; Sørstokken. Flyplassen på Stord er i bruk og fleire og fleire vel å ta i bruk dette alternativet. Danish Air Transport (DAT) drifter flyvingane frå denne lufthamna, og har nyleg satt opp ruter mellom Stord-Molde og Stord-Stavanger (med forbindelse til Danmark), i tillegg til den faste ruta Stord-Oslo. Hadde det berre gått korresponderande båt/buss til desse flyvingane, kunne kanskje fleire studentar (som førebur seg på eksamen i potetøkonomi osv.) i dei andre storbyane fått moglegheita til å kome heim og besøke familien sin i helgene, utan å måtte nytte 5-6 timar på den same turen som kan ta 1-2 timar.
Eg repeterer oppskrifta eg starta med; pløy jorda, så frøa, så er resten opp til vêrgudane.

– Petter

Advertisements

Legg igjen en kommentar:)

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s